Framside

Telesambandet i orden att

Telesambandet er i orden att. No er det full dekning att på mobilsambandet i Uggdal.

Legekontoret er utan telesamband

Alt telesamband til legekontoret på Tysnes er ute av drift. Det gjeld både fasttelefon, mobil og nødnett. Det opplyser kommunelege Magne Skarveit.

Bladet Tysnes er også delvis råka. Mobiltelefonar som er tilknytta Telenor sitt nett er ute av drift, medan dei telefonane som har Necom har samband. På fasttelefon har bladet Tysnes IP-telefoni via fibernettet. Det er også i orden.

Tysnesdrøsen

Første musikkminnet.

austavind sitt bilete

Eg gjesta Tysnesfest for første gong i år, og koste meg veldig. Kjekt å treffe på både familie ein ikkje ser så ofte og gamle venner. Så i kjølvann av den store festen, tenkte eg at eg må skrive litt om musikk. Eller musikkminne. Egentlig hadde eg ikkje tenkt å dele det me allemann alle, for noken minner er gode å ha litt for seg sjøl. Les meir »

17.mai-stemning i Stjernereiso

I det fine vårveret tysdag hadde Stjernereiso barnehage samla seg til ein liten tjuvstart på feiringa av nasjonaldagen.
Les meir »

Nye konfirmantar

Søndag var konfirmasjonane i Onarheim (biletet) og i Reksteren kyrkje avvikla. Førre helg var det konfirmasjon i Tysnes kyrkje og Uggdal. Totalt var det 28 konfirmantar i Tysnes dette året.

• Sjå bilete av konfirmantane i «Tysnes» 10. mai og 18. mai.

Ventar på våren

Onarheim Bygdalag ventar på våren. Nedom skulen på Onarheim har dei pynta med blomar og gjort klar ein sitjebenk med fin utsikt utover fjorden. Men denne helga har veret vitna lite om fint vårver, sol og varme.

Hatteutstilling på Breidablikk

Torild Finsrud Velure har mange års erfaring som hattemakar. Til helga kjem ho til Tysnes. Les meir »

Nye klesreglar vekkar oppstyr

Elevane ved Tysnes Skule er i dag på framsida av BT. Grunnen til det er dei strenge kles- og åtferdsreglane skulen har innført.

Les meir »

Framleis vinterkaldt

Det er framleis vinterkaldt på Tysnes, sjølv om me i dag skriv 10. mai. Og i helga gjekk snøbygene tett enkelte stader. Sjå snøbilete frå lesarane...

Båt på grunn utanfor Våge

Ein fritidsbåt har i helga gått på grunn utanfor Våge. Det er Bergens Tidende som melder dette. Les meir »

Helene Bøksle opnar Tysnesfest - i Onarheim kyrkje

Helene Bøksle opnar Tysnesfest 2012 med konsert i Onarheim kyrkje onsdag 11. juli. Med det er det klart for fem dagar med storstila Tysnesfest. Les meir »